Er vi førebudde på krig i nabolaget?

Kva skjer dersom Russland går til åtak på Finland, og Austersjøen blir minelagt? Ein ny FFI-rapport har sett på norsk logistikk i eit krevjande krigsscenario

Lytt til episoden:

I denne podkasten ser vi på det som vil vere ein stresstest av Noreg: Kva skjer dersom Russland går til åtak på Finland, og Austersjøen blir minelagt?

Ein ny FFI-rapport har sett på norsk logistikk i eit krevjande krigsscenario. Konklusjonen er klar: Noreg blir Natos viktigaste inngangsport, men kapasiteten er under hardt press.

I den ferske rapporten «Vertslandstøtte under press» har FFI-forskarane Inger Sofie Landgraff og Petter Fredrik Hemnes analysert Noregs evne til å fungere som transittland for allierte styrkar. Rapporten tek utgangspunkt i eit scenario utarbeidde i samarbeid med Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO).

Kamp mot klokka

Scenarioet handlar om ein kamp mot klokka. Det er dramatisk: Russland har sett i gang ein angrepskrig mot Finland. Fordi Russland har minelagt Austersjøen er den vanlege forsyningsvegen til den nordiske naboen vår sperra. Dermed må 50 000 soldatar frå Nato, fordelte på 50 mekaniserte bataljonar, bli ruta gjennom Noreg.

– Vi har sett på kva som trengst for å få og frakte desse styrkane vidare til Nord-Finland i løpet av berre ti dagar, fortel forskarane.

Dette inneber at personellet i stor grad blir transportert med fly, medan tunge køyretøy og forsyningar kjem med spesialiserte og kanskje sivile skip til norske hamner. Herifrå har Noreg ansvaret for å få dei trygt fram til operasjonsområdet. 

Sivil kapasitet avgjerande

Rapporten syner at Forsvaret vil vere heilt avhengig av sivil kapasitet. Når Natos artikkel 5 blir utløyst og Noreg såleis er i krig, trer beredskapslovgivinga i kraft. Forsvaret kan rekvirere det ein treng. Likevel kan det ikkje legge beslag på alt. Samfunnet må framleis fungere: Liv skal vernast, og kritiske funksjonar må framleis vere på plass.

Fire fjordar

Forskarane seier i rapporten at Forsvaret kan klare oppgåva om dei får disponere rundt 20 prosent av fraktekapasiteten i Noreg. Det føreset likevel ei geografisk spreiing. Mottaket må fordelast på fire hovudaksar, alle omtalt som fjordar: Oslofjorden, Trondheimsfjorden, Ranafjorden og Ofotfjorden.

Tungtransport er den kritiske flaskehalsen. Forskarane peikar ut to område der gapet mellom behov og kapasitet er størst:

– I tungtransport er mangelen på kapasitet for å frakte stridsvogner og artilleri eit vedvarande problem. Eksisterande beredskapsavtalar med sivile firma er rett og slett ikkje omfattande nok, seier Hemnes og Landgraff, og held fram:

– Omlasting i hamner er også ei hovudpine. Dersom for mange styrkar kjem samtidig, manglar vi kaiplassar og utstyr for rask lossing av forsyningane. 

Sofie Landgraff  til venstre og Fredrik Hemnes til høgre.
STRESSTEST: FFI-forskarane Inger Sofie Landgraff og Petter Fredrik Hemnes har analysert Noregs evne til å fungere som transittland for allierte styrkar.

I beste fall

Dei to fortel at dei  har lagt til grunn «bestefall-føresetnader», som at alle lastebilar er operative og at hamnene blir drifta døgnet rundt.

– Ved ei reell krise kan utfordringane difor bli endå større enn det vi omtalar i rapporten, åtvarar dei.

I FFI-rapporten tilrår forskarane at Forsvaret aukar volumet i beredskapsavtalane og investerer i både veg- og jernbanetransport for å sikre at Noreg ikkje blir ein flaskehals for alliert hjelp i Nord-Noreg og Finland.

Første ugraderte studie

Dette er eit område som ikkje har vore studert i en ugradert kontekst av FFI før. «Vertslandstøtte under press» er dessutan ein rapport som skil seg frå tidlegare forsking på vertslandsstøtte ved FFI, gjennom å inkludere transporttenestene.

– Dette ser vi er ein type vertslandsstøtte som har blitt viktigare i samanheng med Noregs nye rolle som transittland, avsluttar Inger Sofie Landgraff og Petter Fredrik Hemnes.