Korleis nå toppen i Forsvaret?

Kva faktorar gjer utslaget for dei som når toppsjiktet i forsvarsleiinga? Ein FFI-studie gir nytt innblikk.

Tre bevæpnede soldater går i lyngen på vei oppover en ås.
Elevar frå Krigsskolen under meistringsøving. Foto: Thor Håkon Bredesen / Hæren

Korleis skal Forsvaret oppnå måla sine og halde på den operative evna? Forsvaret er ein stor og samansett organisasjon. Leiing er difor heilt sentralt. 

Så korleis blir leiarane valde ut? Den nye FFI-studien «Hva fremmer seleksjon til Forsvarets toppledelse» analyserer kjende data om norsk forsvarspersonell. Studien er gjort av FFI-forskaren Sverre Ubisch.

Gruppe 1

I arbeidet sitt har Ubisch definert toppleiinga i Forsvaret som «gruppe 1». Denne gruppa inneheld offiserar med tittelen oberst/kommandør og høgare.

Analysane bygger på Forsvarets personellregister i perioden 2004 til 2020.

– Målet er å få meir kunnskap om kva det blir lagt vekt på når nokon blir valde til gruppe 1-stillingar. Eg har difor sett etter kva som kjenneteiknar dei som blir valde, fortel Ubisch.

Hyppig mobilitet gunstig

Kva slag kjenneteikn har så den typiske gruppa 1-offiseren? Ikkje uventa er det vesentleg å ha lang og brei erfaring frå operative avdelingar, leiing og stab. Internasjonal røynsle betyr også mykje.

Samstundes vil flyttemønsteret til offiseren ha noko å seia, spesielt om vedkomande har vore meir mobil enn vanleg. Hyppig flytting og mobilitet i organisasjonane har mykje å seie. Det same gjer mobilitet mellom til dels ulike fagområde. Ei forklaring er at dette er med på å gi breiare røynsle og kompetanse.

ffi_ubisch_IMG_2003.jpg
Kvar einskild offiser har ulik røynsle og kompetanse. På gruppenivå er personane som når toppsjiktet i Forsvaret likevel nokså like, seier forskar Sverre Ubisch ved FFI. Foto: Lars Aarønæs / FFI

Raskare jobbskifte enn vanleg er også ein positiv faktor for den som søker seg mot toppen i Forsvaret. Analysen tyder på at det å byta stilling oftare enn norma på tre år gjer det meir sannsynleg å få opprykk til gruppe 1. Lengre ståtid på éin stad peikar i motsett retning.

– Å bli major eller orlogskaptein i ung alder gjer det meir sannsynleg med seinare opprykk til gruppe 1, fastslår Ubisch.

Meir like enn ulike

Kvar einskild offiser har naturleg nok ulik erfaring og kompetanse. På gruppenivå står personane likevel fram som nokså like.

– Dei blir valde etter spesifikk erfaring og kompetanse. Det ser då ut til at utveljinga er med på å gi ei spissing heller enn eit mangfald. Dersom det siste er ønskeleg må Forsvaret truleg skilje meir på kriteria som ligg til grunn for ulike stillingar, seier Ubisch.

Kvinnefordel

Analysen syner vidare at kvinner er omtrent likt representerte i gruppe 1, samanlikna med kjønnsfordelinga blant norske offiserar generelt.

– Det er meir sannsynleg for kvinner å bli valde til gruppe 1, så sant alt anna er likt. Dette tyder på at seleksjonsprosessen har fremma ei meir balansert kjønnsfordeling, seier forskaren.

Her skal ein ha i mente at kvinnedelen i toppen av Forsvaret framleis er låg. I 2020 var han på 11 prosent. Dette var likevel noko høgare enn blant resten av offisersgradene, der prosentane varierte mellom 9 og 10,5.

Personleg x-faktor

Ubisch poengterer at analysen ikkje forklarar alt:

– Det kan tenkast at kvinner som har gjort bratt stigande karriere i Forsvaret er spesielle på ein annan måte enn menn. Med andre ord kan overrepresentasjonen av kvinner i gruppe 1 ha å gjere med særeigne personlege eigenskapar som ikkje lett kan observerast. Vi kan derfor ikkje heilt sjå bort frå andre grunnar enn dei vi har inkludert i analysane.

arkiv_1998__2011_document.jpg
Slik ser skulderdistinksjonen for ein general i Luftforsvaret ut. Ein ny FFI-rapport ser nøyare på kva som fører forsvarstilsette til dei høgaste gradene. (Foto: Forsvaret)

Samla sett tyder resultata på at Forsvaret i stor grad vel leiarar ut frå kriterium som er definerte på førehand.

– Samstundes ser vi at faktorar utover dei formelle kriteria kan ha mykje å seie. For at utveljinga skal bli oppfatta som transparent og rettferdig er det viktig at uformelle kriterium ikkje får ein for stor rolle. Ein bør også vera merksam på at det som fremjar karrieren for den enkelte ikkje nødvendigvis er gunstig for Forsvaret som organisasjon, seier forskaren.

– Av den grunn er det viktig å sjå individuelle insentiv og kva som fremjar karrieren til den enkelte i samanheng med Forsvarets andre behov.

Føreseieleg alder

Alderen til dei som rykkjer opp mot toppen er det minst overraskande funne i den nye FFI-studien: Dei fleste opprykk til gruppe 1 skjer i midten av førtiåra.

– Sjansane for opprykk minkar ved høgare alder. Aldersmessig er dei fleste i gruppe 1 mellom 45 og 55 år, fastslår Sverre Ubisch.