Livet i Aust-Finnmark før og etter Russlands krig mot Ukraina
Korleis er det å leve i eit samfunn som er påverka av Russlands krig mot Ukraina? Vi treng ikkje reise til Ukraina for å finne ut det. Det held å reise til Aust-Finnmark.
Den 5. juni i år arrangerte Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) i samarbeid med Institutt for forsvarsstudier (IFS) ved Forsvarets høgskole Påvirkningskonferansen 2025.
I denne episoden av Ugradert får du høyre eitt av innlegga frå konferansen.
Før og etter Russlands angrep
Her fortel tidlegare sokneprest i Sør-Varanger, Øystein Mathisen, om korleis det var å bu og leve i Aust-Finnmark før og etter Russlands fullskala invasjon av Ukraina i februar 2022.
Mathisen har tenestegjort som sokneprest i Sør-Varanger i to periodar, frå 2006 til 2013 og frå 2020 til 2024.
Mathisen, som i dag er studentprest ved NMBU, beskriv livet i Sør-Varanger før Russlands angrepskrig mot Ukraina som prega av samhandling og utvikling av kjenning og vennskap mellom folk, næringsliv og kyrkje på tvers av grenser og kulturar.
Krigen kom som eit sjokk
– Krigen kom som eit sjokk for oss alle. Vi opna kyrkja og det blei sunge og bede både på norsk, russisk og ukrainsk, fortel Mathisen.
Han fortel òg om ein kvardag som er snudd på hovudet. Om eit næringsliv som krakelerar, om færre flyavgangar, mistenksamheit og om brotne samband.
– Det går ut over bulyst og innbyggjartal. Det er viktig at det bor folk i Aust-Finnmark. Då må det òg leggjast til rette for at det kan skje. I dag ber Sør-Varanger konsekvensane av sanksjonane, seier Mathisen.
Heile opptaket frå Påvirkningskonferansen 2025 kan du sjå her.