Kva seier Forsvarsanalysen 2024?

Forsvarsanalysen 2024 er offentleggjort. Kva seier den? Vi spurte to av dei som har vore mest sentrale i arbeidet, Cecilie Sendstad og Espen Skjelland.

Forsvarsanalysen får meir merksemd enn nokon gong. Rapporten er FFIs eiga, årlege vurdering av Forsvarets behov, utfordringar og kva som er mogleg å få til. No i 2024 blir den gitt ut for tredje gong. Både den ugraderte versjonen og eit utvida samandrag er gjort tilgjengeleg for alle som interesserer seg for funna og synspunkta til forskarane.

Eit betre grep

13. februar presenterte FFI hovudpunkta i analysen for ein fullsett sal i Deichmanske bibliotek, med forsvarssjefen til stades.

Vi inviterte sjefsforskar Cecilie Sendstad og forskingsdirektør Espen Skjelland til FFIs podkaststudio, for å få høyre meir om kva dei og kollegaene har lagt vekt på i år.

– Forsvarsanalysen er FFIs forskingsbaserte råd til forsvarssjefen. Den tek for seg alt frå teknologi til tryggingspolitikk, fortel Sendstad.

Skjelland supplerer:

– Målet er å gi forsvarsleiinga eit betre grep om Forsvarets strategiske utvikling.

Russland, Kina og Norden

Tre forhold er framheva i analysen. Det eine er Russlands angrep på Ukraina. Det andre er rivaliseringa mellom USA og Kina i Stillehavet. Begge delar vil ha mykje å seie for Forsvaret dei komande åra. Det tredje er Sverige og Finland som Nato-medlemmer. Dette vil forandre det militærstrategiske biletet i Norden.

Krigen i Ukraina har auka trusselen frå samansette verkemiddel, avgrensa angrep og kjernevåpen. FFI har sett på ulike scenario, og analysert kva som må til for å løyse Forsvarets oppgåver i krise og krig.

Hald på offiserane

Eit av punkta i analysen handlar om dei menneskelege ressursane i Forsvaret. Aldersbølgja gjer at Forsvaret framover ikkje vil ha mange nok offiserar tilgjengeleg til å dekkje behova sine. Forslaget til forskarane handlar både om å auke kapasiteten på offisersutdanninga så raskt som mogleg, og å hente tilbake tilsette som har slutta.

– Fleire bør få høve til å halde fram etter 60 års aldersgrense. Re-rekruttering må setjast i system, der relevant kompetanse frå sivil sektor blir anerkjend, seier forskarane.

Overordna råd

I podkasten kjem Sendstad og Skjelland inn på fleire overordna råd som kan styrke Forsvaret.

– Forsvaret bør rette større merksemd mot evna til å møte avgrensa angrep og samansette truslar, ikkje minst gjennom overvaking og beredskap, seier dei.

I tett samarbeid med Sverige og Finland, og i ramma av Nato, bør det også kome eit konsept for høgintensiv strid med russiske styrkar i nord. Eit viktig punkt er også å styrke Noregs eigenevne. Til det trengst meir luftvern, langtrekkjande eld, evne til antiubåtkrigføring, sikker kommunikasjon, meir ammunisjon og annan forsyningsberedskap. Ein annan trussel er det som skjer med klimaet: Her bør Forsvaret utforske korleis ny teknologi kan redusere klimagassutslepp.

Den store uvissa

Årets analyse legg vekt på dei store uvissene som knyter seg til den globale utviklinga, og som Forsvaret må vere budd til å møte.

På somme område er det likevel grunn til å vere litt meir optimistisk.