Ho ser Russlands økonomiske slagside
Cecilie Sendstad og kollegaene hennar avslører mykje om Putins regime ved å bla i landets eigne tal.
Tilnærminga hennar til Russland og Putin er litt annleis enn mange kanskje ventar frå ein forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt. Sendstad ser ikkje på kuler, krut og våpenmakt. For henne handlar det om å finstudere statens eigne tal. Russland kan ikkje sjå bort frå økonomiske tyngdelover.
Russlands krigsøkonomi
Etter at Ukraina-krigen starta har det vorte stadig vanskelegare å finne ut av korleis det eigentleg står til med dei føderale budsjetta og rekneskapane i landet. Mykje blir sminka eller skjult. Likevel kan Cecilie og kollegaene hennar bidra med ei rekkje viktige fakta. I krigsøkonomiens Russland er det full sysselsetjing, der sentralt personell blir tilbode skyhøge lønningar. Eit viktig spørsmål er likevel kor berekraftig den einsidige satsinga på krig er. Store ubalansar byrjar å komme til syne.
Forsvarsanalysens ansikter
Cecilie Sendstad og avdelingsleiar Espen Skjelland ved Strategiske analysar og fellessystem har også vore Forsvarsanalysens ansikt i mediene. FFI byrja med denne mykje omtalte analysen for fire år sidan. Korleis er det kvart år å arbeide med ei oppgåve som nærast røntgenfotograferer både Forsvaret og verdssituasjonen, for deretter å skulle komprimere det ned til så få sider at bestillaren – forsvarssjefen – rekk å lese det?
19 år ved FFI
I denne podkasten samanfattar Sendstad erfaringar ho har gjort seg gjennom dei 19 åra ho har arbeidd ved FFI. Hennar eiga oppsummering:
– Eg kom hit rett frå studiene, og tenkte vel ikkje på at samfunnsøkonomifaget skulle føre meg borti så mykje spennande. Der tok eg sanneleg feil!