Slik kan Kinas finansteknologi truge Noreg
Du har truleg aldri høyrt om dei, men fire av Kinas nyvinningar innanfor finansielle teknologiar kan svekke Vesten. Ein ny FFI-rapport fortel kva desse innretningane handlar om, og kva dei kan føre til for Noreg.
Grensene mellom økonomi, teknologi og tryggleik blir viska ut. Noreg kan stå overfor nye og komplekse utfordringar også på det finansielle området.
Marie Nordlie og Gina Gerhardsen ferske FFI-rapport kastar lys over eit tema som kan verke fjernt for mange. Det handlar om Kinas framveksande makt innanfor finansiell teknologi, ofte omtalt som fintech.
Analysen deira, som dei også fortel om i ein FFI-podkast, gir nytt innblikk i eit globalt maktspel. Spelet går føre seg i det stille, men kan ha store følger.
Eit statleg handverk
Rapporten tek for seg det strategiske fenomenet finansielt statshandverk. Det vil seie den medvitne bruken av finansielle instrument og infrastrukturar som statar kan nytte for å fremme utanrikspolitiske mål.
Tradisjonell økonomisk statshandverk har dreidd seg om handelskonfliktar og tolltariffar. No ser ein tydelegare korleis finansielle nettverk kan bli brukte som våpen, går det fram av rapporten. Dei to forfattarane har lagt spesiell vekt på Kinas framvekst som ein sentral aktør i det internasjonale finanssystemet.
Globale nettverk
Kjernen i analysen er teorien om «Weaponized Interdependence». Den tek for seg korleis statar som tek sentrale posisjonar i globale nettverk kan utnytte makta si.
Rapporten seier det kan skje gjennom to mekanismar: flaskehalseffektar og panoptikoneffektar. Ein flaskehals oppstår når ein stat kan stenge ute andre frå viktige finansielle kanalar. Ein panoptikoneffekt handlar om å bruke innsyn i nettverket for å samle data og informasjon om aktørar i andre statars transaksjonar.
Førebels er Kinas finansteknologi ikkje trugande mot Noreg, iallfall ikkje sett i lys av desse teoriane.
Vi fann få prov på at desse teknologiane no skaper flaskehals- eller panoptikoneffektar som kan brukast til å utøve makt mot Noreg. Så risikoen i dag er låg, seier Marie Nordlie.
Fire teknologiar
Dette kan endre seg. Dei fire teknologiane som studentane har undersøkt, er knapt kjende for folk flest. Dei inkluderer CIPS (Kinas svar på det globale betalingssystemet SWIFT), Alipay (ei mobil betalingsteneste med enorme brukarbasar), e-CNY (Kinas digitale sentralbankvaluta) og moglege kinesisk-støtta stablecoins. Ingen av desse er i utbreidd bruk i Noreg, og det finansielle systemet vårt er såleis ikkje avhengig av dei.
Utfordrar dollaren
Sjølv om dei fire teknologiane ikkje fører med seg direkte risiko for Noreg, er dei del av eit større, globalt maktspel. Hovudfunnet i rapporten er at desse teknologiane er med på å minke kor avhengig Kina er av den amerikanske dollaren og vestleg finansiell infrastruktur. USA har lenge brukt sin dominerande posisjon i finanssystemet til å utøve politisk press. Sanksjonar er eit godt døme.
– Kina bygger opp sine eigne, parallelle system. Det styrkar landets motstandskraft mot slik tvangsmakt, seier Gina Gerhardsen.
– Eit Kina som er mindre avhengig av vestleg infrastruktur og dermed mindre sårbart for vestlege sanksjonar kan på sikt endre den strategiske maktbalansen i verda. Landet kan til dømes senke terskelen for å gå til åtak på den vestlege finansielle infrastrukturen som Noreg er ein del av. Det er denne indirekte faren vi åtvarar mot.
Tre risikoar
Rapporten peikar på tre risikofaktorar:
Den første er redusert effektivitet av sanksjonar: Kinas nye finansielle system kan svekke Vestens evne til å innføre effektive økonomiske og finansielle sanksjonar mot Kina og partnarane deira.
Den andre er at systema blir meir sårbare: Når store økonomiar er mindre avhengige av kvarandre kan det senke terskelen for fiendtlege handlingar. Viss Kina i framtida ikkje lenger har eit sterkt økonomisk samband til Vesten, kan det vere mindre kostbart for dei, eller andre land som er knytte til Kina, å gå laus på den digitale finansinfrastrukturen vår.
Til slutt handlar det om endring i den finansielle makta: Posisjonen til den amerikanske dollaren som reservevalutaen i verda har vore ein sentral pilar i den liberale verdsordenen. Ei endring i denne balansen kan føre til at Noreg, som er tett alliert med USA, får mindre innverknad i internasjonale fora og institusjonar.
Kva om Kina tek over?
Rapporten ser også på ulike scenario som illustrerer dette. Eit av framtidsbilda tek utgangspunkt i ei framtid der kinesiske finansielle plattformer har stor global utbreiing.
– Vi diskuterer ein hypotetisk situasjon der Kina har stor makt i dei finansielle systema og krev at handel skal skje gjennom plattformene deira. Til dømes å ville ha betaling for all handel i kinesisk yuan via betalings- og meldingstenesta CIPS, seier Gerhardsen.
– Dette verkemiddelet vil i stor grad heller verke som økonomisk enn finansielt statshandverk, ettersom det i hovudsak vil påverke handelsstraumar. I ein slik situasjon vil Noreg framleis ikkje stå i fare for å bli utestengt frå finanssystemet, sidan alternativ som SWIFT og andre valutaer framleis finst. Men det vil heilt klart vere eit effektivt verkemiddel for å gjere andre statar, til dømes Noreg, meir avhengig av kinesisk finansiell infrastruktur. Dette illustrerer korleis en blanding av økonomiske og finansielle verktøy kan brukast til strategiske formål, sjølv om dei kvar for seg ikkje treng å utgjere ein direkte tryggingsrisiko i dag.
Trugande etterretning
Eit anna aspekt er trugsmålet om etterretning. Sjølv om dei fire teknologiane førebels ikkje er i bruk i Noreg, kan dette endre seg. Alle fire har teknisk kapasitet til å samle inn data om brukarane.
– Om kinesisk finansteknologi skulle få fotfeste i Noreg kan det opne for datatilknytte tryggingsrisikoar, seier Nordlie.
– Vi må også hugse at mange transaksjonsdata allereie er tilgjengelege på nett. Den faktiske trusselen kjem an på både omfanget av bruken, og verdien av dei data som blir samla inn. Som alltid med etterretning er det summen av informasjon som er viktig, så dette er like fullt noko ein bør vurdere i ein tryggleikssamanheng.
Ver på vakt
Rapporten konkluderer med at det ikkje er nokon grunn til panikk. Noregs finansielle system er ikkje spesielt utsett for direkte truslar frå Kinas nyvinningar innanfor fintech i dag.
Likevel er konklusjonen ei klar oppmoding til vaktsemd. Dei globale utviklingane reflekterer eit breiare skifte i maktbalansen. Dette vil uunngåeleg påverke Noreg og tryggleiken vår, trur forfattarane.
– Den viktigaste konklusjonen vår er at ein ikkje bør overdrive risikoen ved desse teknologiane. Dei utgjer ingen direkte fare for augeblikket. Men maktskiftet i det internasjonale systemet tilseier at vi ikkje må vere naive, seier Gerhardsen og Nordlie, og understrekar:
– Det er avgjerande at norske styresmakter held fram med å overvake utviklinga. Dagens indirekte risiko kan bli morgondagens direkte utfordring. Rapporten er eit bidrag til å forstå ein del av desse komplekse dynamikkane. Den understrekar også at tryggingspolitikk i dag må inkludere langt meir enn berre militære truslar.

