Medan fregatten KNM «Roald Amundsen» som første norske marinefartøy nokon sinne vitja Japan i august, har FFI i fleire år bygd gode forskingskontaktar med landet.
Gjesteforskar i Tokyo
FFI-forskarane Arild Bergh og Petter Lindgren forklarar kvifor dette samarbeidet er viktig. Arild er sjefsforskar ved FFIs avdeling Totalforsvar. Han har nettopp vore på eit års opphald som gjesteforskar i Japan. Han får no avløysing av seniorforskar Petter ved avdelinga Strategiske analyser og fellessystemer. Han dreg til Tokyo neste sommar. Frå før har han budd og studert i landet i fleire år.
Dei to gir oss eit unikt innblikk i kva Noreg kan læra av den japanske tilnærminga til forsvars- og tryggingspolitikk. Dei fortel mellom anna kvifor Japan er så interessert i Arktis, eit område Noreg har inngåande kunnskap om.
I denne podkasten fortel forstå kvifor kunnskapsdeling mellom Noreg og Japan er viktigare enn nokon gong, og korleis landa kan dra meir nytte av kvarandres ekspertise.
Nye perspektiv på Kina
Forsking blir eit stadig viktigare verktøy i ei verd med komplekse tryggingsutfordringar. Japan blir rekna som eit av landa som best forstår Kina, og samarbeidet har gitt FFI og Noreg nye perspektiv på den situasjonen Japan er i.
Forsking og geopolitikk
Høyr om FFIs nye avtale med Hitotsubashi-universitetet, eit av Japans beste. Kva betyr ein slik avtale i praksis? Og kva slags konkrete prosjekt jobbar forskarar med?
Dersom du lurer på kva FFI har å gjere i Japan: Lytt til podkasten og finn ut meir!
