No handlar den militære 3D-revolusjonen om tempo

Nøkkelspørsmålet er ikkje lenger om additiv tilverking er nødvendig , men om kor snart Nato-landa kan få endå fleire løysingar på plass.  

Publikum følger med på en presentasjon på storskjem.
AMMA 2025: Full sal og stort engasjement under AMMA på Gardermoen. Over140 deltakarar frå forsvarssektoren og industrien deltok. (Foto: Lars Aarønæs)

Slik lydde kjernebodskapen på AMMA-konferansen i år, formulert av  Rasmus Andersen i Försvarsmakten, altså det svenske forsvaret. 

– Slik tilverking må kome endå meir inn i logistikkrammeverket vårt, konstaterte han frå videoskjerm på Scandic-hotellet på Gardermoen. 

AMMA 2025 (Additive Manufacturing for Military Applications) er den store norske 3D-konferansen for forsvarssektoren, industrien og akademia. Dette var det niande arrangementet i rekka. 

Med heile 140 deltakarar, og konferansier Eirik Norman Hansen i førarsetet, blei det slått fast at 3D-utskriving – eller additiv tilverking – har gått frå å vere ein «hype» til å bli ein kritisk kapabilitet for Forsvaret og NATO. 

Frå teknologi til operasjonell suksess 

I velkomsten sin understreka assisterande direktør frå FFI, Jan Erik Torp, kor viktig  arrangementet er som møteplass for å dele det nyaste og mest relevante innanfor militær bruk av AM (bokstavane står for Additive Manufacturing). 

Frå podiet presenterte Silje Kværnes og Pål Svanes frå verksemda Stamas korleis produksjon basert på etterspurnad kan endre industriell beredskap. Stamas er ein sentral aktør på feltet. Firmaet har mellom anna store ambisjonar om å gjere Stavanger til eit leiande senter for 3D-utskriving. 

Tom Thorvaldsen (FFI) følgde opp med ein presentasjon vegne av forsvarssektoren om korleis sektoren no tenkjer å implementere og operasjonalisere AM. Eit strategidokument er etablert og ein handlingsplan er i ferd med å bli utarbeidd. No ventar arbeidsgruppa i sektoren på godkjenning frå forsvarsleiinga for neste steg i prosessen.  

Erlend Hatlevold og Michael Sørlie frå Forsvarsmateriell (FMA) delte erfaringar med implementering av 3D i Sjøforsvaret. 

Nato-gruppe heidra 

Ein viktig ambisjon for Forsvarets logistikk er at den blir frå flytta store fysiske delelager til digitale varehus og «on-demand»-produksjon på staden. Dette er avgjerande for å auke operativ evne og beredskap. 

Under konferansen blei det óg overrekking av den prestisjetunge «AVT Panel Excellence Award» frå NATO Science and Technology Organization (STO) til ei FFI-leidd forskingsgruppe. 

Sjefsforskar Tom Thorvaldsen, som er norsk panelmedlem i AVT og co-chair for AVT-gruppa, overleverte utmerkingane til dei frammøtte bidragsytarane. Desse kom frå FFI og Fieldmade. Prisen anerkjenner den viktige rapporten frå gruppa om interoperabilitet. Det vil seie korleis 3D-utskriving kan integrerast i NATOs eksisterande logistikkjeder og prosedyrar. 

Seks personar viser fram diplomen dei fekk på AMMA 2025.
Heider for banebrytande arbeid: Frå venstre FFIs Bendik Andreas Sagsveen, Jan Rune Nilssen, Martin Øhlund Øyen, Tom Thorvaldsen, Véronique Zijlstra (Fieldmade) og Sandeep Singh Klair fekk diplom frå Nato, for sin store rapport om AM-interoperabilitet.

Gruppa, som også inkluderte ekspertar også frå Forsvarsmateriell og Sjøforsvaret, har sett standarden for korleis allierte land skal handtere kritiske spørsmål som immaterielle rettar, sikker dataoverføring og kvalitetssikring av 3D-produserte delar i alle domene. 

To menn viser fram ein kvit 3D-printa tupp.
Teknologisk spydspiss: Kjell A. Bengtsson (t.v.) frå Jotne og Martin Schwentenwein frå Lithoz viser fram ein 3D-printa tupp til eit missil, laga i avansert keramisk materiale. (Foto: Lars Aarønæs)

Mikrofabrikkar 

Den nemnde 3D-aktøren Fieldmade er ein spin-off frå FFI. Selskapet spesialiserer seg på å utvikle og selje fullt integrerte AM-løysingar for feltbruk, ofte i form av mobile mikrofabrikkar i konteinarar. 

Frå porselen til satellitt

AMMA-konferansen inneheldt også ei minimesse, rett utanfor møtesalen. Her fekk deltakarane sjå ei rekkje konkrete applikasjonar basert på AM-teknologi. 

Kjell A. Bengtsson frå Jotne Connect, ein leverandør av produktdataløysingar, viste fram 3D-utvikla former som blir brukte til å lagre sensorar på satellittar. 

Martin Schwentenwein, forskingssjef frå austerrikske Lithoz, demonstrerte potensialet i keramisk 3D-utskriving. Han viste mellom anna fram ein porselensaktig tupp til eit missil. 

FFI har sentral rolle 

FFI er oppteken av å stimulere interessa rundt alle sider av AM. FFIs forskingsmiljø, leidd av avdeling Produktutvikling, test og verifikasjon (PTV), har som eit hovudmål å hjelpe Forsvaret med å innføre AM og etablere det som ein god produksjonsteknologi. Forskarane ved FFI ser difor på korleis 3D-utskriving kan digitalisere logistikkystemeir og sikre forsyningskjedene. 

Gjennom lagring av digitale filer kan reservedelar produserast lokalt. Det sikrar at ein både forlenger levetida for eksisterande utstyr og hindrar kritiske forseinkingar. 

Pågåande revolusjon 

– Det er ikkje vanskeleg å vere samd med svenskane. Dei seier at spørsmålet no ikkje er om, men er kor fort vi kan få på plass fleire AM-løysingar, seier sjefsforskar Tom Thorvaldsen. 

– Samstundes veit vi at dette er ein pågåande revolusjon. AM gjer om delar av Forsvaret frå å vere avhengig av fysiske lager til digitale varehus. Det sikrar raskare respons, høgare ytingar og at vi står betre budde.

Fleire ulike produkt skrevet ut i 3D utstilt på eit bord.
Mykje å velje mellom: På messeborda på Gardermoen kunne ein finne 3D-dingsar i mange ulike format og materialar.(Foto: Lars Aarønæs)