Framtidas slagmark er usynleg

Gløym skotvekslingar og missil. Delar av framtidas slagmark kan vere usynleg. Somme av dei avgjerande stridane vil bli utkjempa i det elektromagnetiske spekteret.

Kamfly med hav, øyer og land i bakgrunnen.
Kampfly som F-35 og Gripen brukar elektromagnetisk krigføring for å lage "digitale røykteppe", slik at dei står fram som noko anna på motstandarens radar. Bildet er frå øvinga Cold Response no i 2026. (Foto Hanne Vik Rye, Forsvaret)

Ein ny rapport frå FFI teiknar eit bilete av stridskrefter like usynlege som dei er livsviktige.

Mobilen din, GPS-signala til bilen og internettet du er kopla til er alle avhengige av usynlege bølger. For militære styrkar kan desse bølgene vere skilnaden på liv og død.

– Evna til å overvake, kontrollere og bruke elektromagnetisk energi mot ein motstandar er ein avgjerande del av det moderne stridsfeltet, forklarar Michael Mayer. Han er forskar ved FFI og forfattar av den ferske rapporten «Electromagnetic warfare on the current and future battlefield».

Noregs utkikk

I eit eige prosjekt ved FFI har forskarane i over seks år studert korleis ny teknologi kan og vil endre måten vi krigar på. Instituttet er i så måte ein norsk utkikkspost for det som blir kalla elektromagnetisk krigføring (EK).

Michael Mayers rapport er uttrykk for at FFI spelar ei nøkkelrolle som Forsvarets rådgjevar på dette feltet. Forskarane skal ikkje berre forstå dagens teknologi, men også sjå på korleis ein kan førebu Noreg på truslar som enno ikkje har oppstått.

Samstundes er rapporten innom naturfenomen som trusselfaktor. Mayer fortel at nordlysaktivitet i verste fall kan forstyrre både militær kommunikasjon og GPS-signal, like mykje som ein menneskeleg fiende.

To soldater blant mye utstyr. En soldat ser på en PC.
Framtidas soldat må framleis ha med seg ammunisjon, men også datakraft som til dømes kan oppdage og stoppe fiendtlege dronar ved å blokkere signala deira. Her soldatar frå cyberteknikarskolen under øving i 2025. (Foto: Anette Ask, Forsvaret).

Fire døme

Rapporten illustrerer korleis EK kan fungere i praksis ved å ta for seg fire ulike situasjonar. Dei er knytte til ein fotpatrulje, eit pansra køyretøy, eit overflatefartøy og eit kampfly.

Soldatar som går fotpatrulje kan vere svært sårbare for å bli oppdaga ved bruk av radio. Eit svar kan vere «kognitive radioar» som automatisk finn ledige og skjulte frekvensar.

Stridsvogner er stor, synlege og med tydeleg varmesignatur. Eit svar kan vere å delvis skjule dei med ei «metamateriale» som absorberer radarstrålar og som gjer at varmen ikkje synest, pluss å tilpasse fargane på stridsvogna til vegetasjonen rundt.

Fregattar har radarar som kan avsløre skipet på lang avstand. Eit svar kan vere bruk av ubemanna «wingmen», altså dronar brukt som framskotne sensorar som sender signal medan skipet sjølv er «mørkt».

Kampfly må vere i stand til å trenge gjennom avansert luftvern. Eit svar kan vere svermar av små lokkedronar som overveldar radarane til fienden med hundrevis av falske mål.

En løk som illustrerer ulike lag på tryggleik. Fra ytterst til innerst lag står det "Ikke vær der", "Hvis du må være der, ikke bli sett", "Hvis du blir sett, ikke bli truffet", Hvis du blir truffet, ikke bli penetrert" og "Hvis du blir penetrert, ikke bli drept".
Forsvaret tenkjer på tryggleik som laga i ein løk. Det ytste og viktigaste laget er «ikkje bli sett». Dersom motstandaren ikkje veit at du er der, kan dei ikkje skyte på deg. (Illustrasjon: FFI).

Nye spelereglar

Rapporten peikar på typar av teknologi som kan endre spelet totalt.

Kognitiv EK vil seie system som brukar kunstig intelligens til å lære seg signala til fienden i sanntid og utvikle mottiltak på sekund, i staden for månader.

Kvantesensorar er ekstremt vare sensorar som kan finne posisjonen til ubåtar eller fly utan å sende ut eigne signal.

Energivåpen er laserar eller mikrobølgebaserte system som kan brenne sund elektronikken i ein dronesverm på avstand.

Ei rådgjerd er digitale røykskyer: Kampfly som skaper ei «elektronisk sky» rundt seg, nok til at det er uråd for fienden å vite nøyaktig kvar flyet er.

Ukrainske lærdommar

Krigen i Ukraina er blitt eit brutalt laboratorium for EK-teknologi. I starten av 2023 trefte 70 prosent av dei vestlege Excalibur-granatane målet sitt. Nokre månader seinare trefte mindre enn 10 prosent det dei sikta på.  Årsaka? Russisk jamming. Putins styrkar sendte støy som blindar GPS-mottakarar.

Eit døme på mottiltak mot våpen i det elektromagnetiske feltet er Ukrainas fiberoptiske dronar: Som eit svar på kraftig jamming, byrja ein å bruke dronar med ein tynn tråd av fiberoptisk kabel bak seg. Då kan dei styrast heilt utan radiosignal som kan blokkerast.

Dette illustrerer verdas evige våpenkappløp. I dette tilfellet handlar det om elektroniske signal for å snakke med ein ven eller spore fiende. I begge tilfelle kan signala flamme opp som eit blitslys på sensorane til motstandaren.

Medaljens to sider

Rapporten peikar på både positive og negative sider ved EK-utviklinga.

På plussida er kunstig intelligens (KI) og nye sensorar verktøy som gjer at ein kan oppdage truslar raskare og meir presist enn nokon gong. Forsvaret kan verne eigne soldatar ved å forstyrre dronane eller missila til fienden før dei når fram. Auka sensordekning gjer det viktigare å være merksam på elektroniske signaturar.

Samstundes gjer dette at slagmarka blir «gjennomsiktig».  Med dronar og satellittar overalt er det nesten uråd for soldat eller materiell å røre eller forflytte seg utan å bli sett. Mayer påpeikar i rapporten at «å bli oppdaga er det same som å bli drepen» i moderne krigføring.

Blikk mot nord

FFI-rapporten ser spesielt på korleis EK-teknologi kan påverkast i arktiske strok. Her kan som nemnt nordlys og ekstremvêr forstyrre signala, noko som stiller heilt eigne krav til utstyret.

For å vere budd tilrår FFI at ein investerer i forsking på mellom anna kvantesensorar og energivåpen, nærare bestemt lasertypen. Men det handlar ikkje berre om dingsar:

-- Vi kan ikkje vite heilt sikkert korleis framtidige EK-kapasitetar vil utvikle seg. Det vi kan gjere, er å skape ein kultur for eksperimentering slik at vi førebur styrkane våre på den uunngåelege konkurransen som krigføring også er, skriv Mayer.

Slik kan elektromagnetiske åtak sjå ut

Jamming: Sending av kraftige signal som overdøyver mottakarane til motstandaren. Tenk på det som å prøve å ha ein samtale på ein konsert rett ved høgtalarane.

Spoofing (på norsk narring): Å sende ut falske signal som ser ekte ut. Til dømes kan ein lure ein fiendtleg drone til å tru at han er eit heilt annan stad enn han faktisk er ved å forfalske GPS-signala.

Meaconing: Ei form for elektronisk krigføring der legitime signal (som GPS) blir mottekne, forsterka og sendt ut på nytt med ei forseinking. Målet er til dømes å lure mottakarane til å tru at dei er på ein annan stad dei faktisk. Forvirring om posisjon.

Nordlys over Glomma.
Somme naturfenomen kan også «føre krig». Nordlysaktivitet, som her over Glomma, vil somme gonger forstyrre både sivil og militær kommunikasjon. (Foto Jan Olav Langseth, FFI)