Raskare innovasjon, takk!

Har Noreg noko å lære av USA i racet for å lage betre forsvarsteknologi? Ein heil del, meiner industriøkonomi-studentane Magnus (24) og Amund (28).

To sommarstudentar fotografert framfor Kunnskapsbyens hus på Kjeller i Lillestrøm kommune.
Amund (t.v.) og Magnus har i sommar lært meir om korleis forsking kan vere særs relevant i koplinga mellom industriell økonomi og raskare operativ effekt for Forsvaret.

I sommar har vi begge jobba i FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem. Her har vi sett på korleis USA bruker nye metodar for å få fart på innovasjon i forsvarsindustrien. Vi har prøvd å hente ut lærdommar herifrå. Dei kan vere med til å styrke innovasjonen i norsk forsvarsindustri.

Økosystemet

Gjennom arbeidet vårt har vi lært mykje om ulike anskaffingsmetodar både i Noreg og USA, og samstundes fått innsikt i korleis forsvarssektoren fungerer på tvers av landegrensene. I tillegg har vi møtt mange spennande menneske og selskap i Noreg. Det har gitt oss eit breiare bilete av heile økosystemet.

Det er nok ein fordel at vi begge har operativ bakgrunn frå Forsvaret. Vi har også jobba i etablerte forsvarsbedrifter som Kongsberg Defence & Aerospace, og dessutan i tech-startups. Den kombinasjonen har vore nyttig: Vi kunne bygge vidare på erfaringa vår og kople den med nye perspektiv frå forskinga.

Studie-skjeringspunkt

Vi har begge studert industriell økonomi og teknologileiing, altså eit område der leiing, finans, strategi, og teknologi blir kombinert. Å få jobbe i skjeringspunktet mellom desse felta og Forsvaret passa oss derfor veldig godt. 

Magnus: Eg har alltid hatt ein lidenskap for teknologi. Etter kvart voks også interessa for innovasjon og forsvar, og i sommar hos FFI fekk eg høve til å kombinere alle tre feltane.

Amund: Eg er oppvaksen på Rena i ein forsvarsfamilie, så det låg alltid i korta at eg ville innom forsvaret. Eg bestemde meg tidleg for å jobbe mot å komme inn på befalsskulen. Under tida mi i Forsvaret jobba eg tett på sambandsteknologi, og då eg byrja å studere byrja eg å sjå samanhengar mellom økonomi, teknologiutvikling og operativ effekt på stridsfeltet. 

Ei fleksibel plattform

Vi valde indøk – altså industriell økonomi -- fordi det er ei veldig fleksibel utdanning. Den kombinerer teknologi, økonomi og leiing. Breidda i faget gir mange sjansar, og har gjort det enklare å orientere seg i grensesnittet mellom teknologiutvikling og forretning.

Det mest spennande i sommar har definitivt vore å møte alle dei interessante selskapa og menneska. Vi har hatt samtalar med over 30 selskap og vore på fleire konferansar. Det  har gitt mykje energi og inspirasjon.   

Korleis kome raskare fram

Innanfor dette feltet trur vi ein av dei største utfordringane er korleis vi kan ta i bruk ny og innovativ teknologi raskare i Forsvaret. Med utviklinga i Ukraina og ei meir isolasjonistisk linje i USA blir det endå viktigare for Noreg og Europa å styrke sin eigen forsvarsindustri.

Magnus: Eg ønsker å jobbe meir med teknologi, og ser for meg at eg kanskje startar noko sjølv. Helst innanfor område som kan brukast både sivilt og militært – altså dual use-teknologi.

Amund: Eg er blitt stadig meir interessert i innovasjon og teknologiutvikling i forsvarssektoren. Ein kritisk faktor for at gode idear skal kunne lykkast er tilgang på finansiering. Eg synest derfor det ville vere veldig gjevande å kunne jobbe med tidlegfaseinvesteringar, tildelingar eller akselleratorprogram. Døme på slike er FFIs ICE worx, Nato Innovation Fund, Nato Diana eller eit dual-use venturkapitalfond, dersom det skulle kome på banen.

Forsking freistar

Vi trudde det eigentleg ikkje då vi kom hit, men etter ein sommar på FFI ser vi at forsking kan vere utruleg givande. FFI er absolutt ein arbeidsplass vi kan sjå for oss å jobbe vidare i. Det sosiale har vore ein stor bonus. Det har vore både inspirerande og gøy å dele erfaringar med andre sommarstudentar, som har hatt heilt andre prosjekt og fagfelt. 

Heilt konge

Samanfatta er FFI ein kul arbeidsplass, fordi ein jobbar med prosjekt som faktisk betyr noko. Det er ikkje berre eit «sommarprosjekt» som blir lagt i ei skuffe når du dreg. Vi har bidrege til igangverande arbeid som har reell betydning, og det gjer jobben ekstra fin. Kort sagt: Sommaren ved FFI var heilt konge!

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?