Korleis tenke menneske + maskin

Caroline (22) grubla på å bli psykolog. Så oppdaga ho eit ingeniørfag som også krev stor innsikt i korleis menneske tenker. Dermed blei valet hennar enkelt.

portrettbilde av Caroline

Eg har alltid vore like glad i å teikne som eg har vore i matte og realfag. Likevel hadde eg ikkje lyst til å bli kunstnar, og heller ikkje matematikar. Eg tenkte lenge på å bli psykolog, sidan eg synest det er interessant korleis vi menneske samhandlar med kvarandre og verda rundt oss. Før eg skulle byrje på universitetet las eg meg opp på fleire studiar. Eg fann ei retning som kombinerer teknologi med estetikk og menneske-maskin-interaksjon. Dermed var eg seld! No studerer eg på NTNU, til sivilingeniør innanfor industriell design. Her lærer eg å bruke kreativ innsikt, saman med kompetansen frå ingeniørfaget. Dette gir grunnlag for å designe betre tekniske løysingar.

I sommar har eg jobba med å optimalisere det brukarvennlege ved ein spesiell teknologi som FFI arbeider mykje med: Prosjektet dreier seg om styring av fleire autonome dronar som samarbeider. Programmet som styrer dronane er veldig komplekst. Det er vanskeleg å forstå med mindre ein har brukt det mykje. Rolla mi har vore å utvikle løysingar som gjer programmet meir funksjonelt og effektivt for brukarane.

Det viktigaste i sommarjobben min var difor systematisk brukartesting. Testinga gir verdifull kunnskap om korleis ein brukar opplever tenesta du utviklar. Er det lett å navigere i programmet? Er nokon delar spesielt forvirrande? Gjer brukaren mange feil? Kvar oppstår desse feila?

Når du involverer reelle brukarar avdekkjer du ein del feil og manglar som ofte blir oversett, eller som utviklaren kan ha litt for fastlåste oppfatningar om. Eg testa droneprogrammet på fire sommarstudentar og éin forskar. Ein slik brukartest inneber så vel god førebuing som mykje arbeid i etterkant. Oppdrag og spørsmål må formulerast. Etter testen sit du med mykje verdifull innsikt . Den skal analyserast og brukast til å lage noko som blir betre. Også på studiet mitt i Trondheim har vi drive med brukartesting, men ikkje med like omfattande tenester som dette. Tidlegare har eg heller aldri involvert så mange personar som no, så dette har eg lært mykje av.

Eg hadde kanskje venta at FFI ville vi gi meg arbeidsoppgåver som ikkje skulle brukast til noko særleg utover intern bruk. Der tok eg feil! Eg synest det er kult at instituttet tek inn studentar, og stoler nok på oss til å la oss få ha ein finger med i spelet. Det mest spennande ved å jobbe ved FFI er jo å få delta i eit pågåande prosjekt og bruke kompetanse til å utvikle gode tenester for Forsvaret. Det er inspirerande å bli verdsett for kva eg kan tilby av fagleg kompetanse. Det gav meirsmak!

Sjølve faget mitt trur eg berre blir viktigare. Ettersom samfunnet er stadig meir digitalisert er det stort behov for forstå samspelet mellom menneske og teknologi. Det inkluderer alle, yngre som eldre. Ei utfordring er å utvikle digitale tenester som tek omsyn til det store spennet i den tekniske innsikta brukarane har. Det er til dømes veldig stor forskjell på korleis ein 90-åring og ein tenåring bruker ein nettbank. Korleis skal ein designe eit brukargrensesnitt som fungerer like bra for begge to?

Eg kan tenkje meg å halde fram med arbeid som liknar det eg har gjort her ved FFI. Eg hadde sett for meg å jobbe i eit konsulentfirma, men etter denne sommaren ser eg ikkje bort frå å søke på ei forskarstilling. Det er fint å kunne leggje opp arbeidsdagen sjølv, og legge vekt på tema eg ønsker å utforske.

Tida på Kjeller har vore utruleg lærerik, spennande og sosial. Eg har fått prøve og feile, alltid med god støtte frå rettleiarane mine. Vi sommarstudentar har hatt mykje gøy, både i lunsjen, på lønningstreff eller over ein is. Så dersom nokon spør meg om kvar dei bør sjå etter sommarjobb, vil eg absolutt tilrå dette: Sjekk FFI!

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?