Gina har studert Kinas finansvåpen

Sommarstudent Gina (23) seier at det ikkje er nok å forstå missilar og militære strategiar. Skal ein trygge samfunnet må ein også forstå korleis økonomi og finans kan nyttast som våpen.

Portrett av Gina, sommerstudent ved FFI sommeren 2025.
KARTLA KINESISK FINANSTEKNOLOGI: I sommar har Gina og ein medstudent undersøkt Kinas potensial for finansielt statshandverk og kva det kan ha å seie for norske tryggingsinteresser. (Foto: Lars Aarønæs)

I sommar jobba eg på FFIs avdeling Totalforsvar. Saman med ein medstudent undersøkte vi Kinas potensial for finansielt statshandverk og kva det kan ha å seie for norske tryggingsinteresser. Kort sagt handlar finansielt statshandverk om at statar bruker finansielle instrument og infrastruktur for å påverke andre land. Det kan til dømes skje ved å stenge dei ute frå kritisk finansiell infrastruktur, eller ved å samle inn og utnytte data.

Kartla kinesisk finansteknologi

Vi kartla kinesiske framsteg innanfor finansteknologi, ofte kjent som fintech. Vi såg spesielt på fire område: digitale sentralbankpengar (e-CNY), stablecoins og kryptovaluta, Alipay og CIPS. Desse teknologiane kan potensielt påverke Noreg direkte, gjennom betalings- og meldingsstraumar. Og indirekte, gjennom endra globale standardar og maktbalansar.

Forsvaret har bruk for økonomar

Eg har lært masse her ved FFI. Mellom anna har eg fått augo opp for kor komplekst totalforsvar, vernebuing og samfunnstryggleik eigentleg er. Det grip inn i alle delar av samfunnet. Det krev at ein opererer tverrfagleg, og det merka eg ved FFI. Folk har vidt ulik bakgrunn. Eigentleg trudde eg ikkje sektoren hadde plass til slike som meg, altså økonomar, men det har Forsvaret absolutt. Det var både utfordrande og gøy å bruke det eg har lært på studiet i ein heilt ny samanheng. Som ein uventa bonus har eg lært masse om dronar. Den såg eg ikkje kome.

Økonomi og finans viktig i moderne konfliktar

Krig handlar ikkje lenger berre om to statar som skyt på kvarandre. Cyberåtak er blitt ein naturleg del av trusselbiletet. No ser vi også kor viktig økonomi og finans er i moderne konfliktar. I ei verd der finanssystema er tett samanvovne må eit lite og ope land som Noreg forstå på kva måtar vi blir sårbare. For å få til det må ein faktisk forstå finans og økonomi. Eg har hatt stor nytte av både økonomistudia og erfaringane frå å ha jobba i finans. Utan den verktøykassa hadde det vore mykje vanskelegare å trenge gjennom dei nokså komplekse finansielle teknologiane vi har sett på. I tillegg var det veldig motiverande å få brukt det eg kan om Kina og kinesisk økonomi. Eg har studert og jobba i landet i litt over eitt år til saman. Det gjer at eg har lyst til å halde fram med å jobbe med Kina-tematikk, og halde mandarin-kunnskapane mine ved like.

Handel er politikk

Som naiv, idealistisk 18-åring valde eg samfunnsøkonomi for å «redda verda». Som naiv, idealistisk 23-åring meiner eg framleis det er vegen å gå. Likevel er det mykje vi økonomar kan gjere for å auke vår eige relevans.

Mykje av økonomifaget kviler på at vi føreset stabilitet, opne marknader og ein tendens til å vende tilbake til likevekt, ein såkalla «steady state». I ein periode med aukande globalisering og politisk stabilitet har det vore rimeleg å modellere framtida som ei forlenging av dei siste åra, og å handsame handel mest økonomisk, ikkje tryggingspolitisk. Dagens røyndom ser annleis ut: krig, sanksjonar, handelsrestriksjonar, forsyningsrisiko og vernebuing påverkar både kven vi handlar med og til kva prisar.

Økonomifaget treng nye modellar

Når uvissa stig og tryggleik blir ein eksplisitt del av økonomiske avgjerder, må også modellane våre endrast. Dei må skifte frå reine likevektsrammeverk med perfekt konkurranse og frie marknader, til verktøy som kan handtera tryggingspolitiske omsyn, friksjonar og strategisk åtferd. Det er nettopp her økonomifaget har ei spennande oppgåve framfor seg. Vi bør freiste å lage modellar som kan gi oss prognosar og analysar som koplar handel, tryggleik og makroøkonomi. Dette har eg tenkt å prøva å bidra til!

Bli ein betre økonom

Skal du forstå internasjonal økonomi i dag, må du også forstå tryggleik og forsvar. Og motsett: tryggingspolitikk gir lite meining utan økonomi. Forsvaret treng økonomar, og økonomar treng forsvarskompetanse. Så er du samfunnsøkonom med interesse for internasjonal økonomi og tryggleik har eg eit godt råd: Bli ein betre økonom og bidra til fellesskapen, søk deg til FFI!

Sommerjobb ved FFI

Hvem kan søke sommerjobb, hvor vil du jobbe og hva med sikkerhetsklarering?

Du kan søke sommerjobb hos oss hvis du studerer ved et universitet eller en høgskole. Du må være norsk statsborger, og vi krever sikkerhetsklarering.

Arbeidsstedet er på Kjeller ved Lillestrøm eller på Karljohansvern i Horten. Vi har et begrenset antall hybler til leie på Kjeller og prioriterer tildelingen til dem som ikke bor i pendleravstand til instituttet.

For studenter i sommerjobb benytter vi nivå Konfidensielt. Aktuelle kandidater vil få tilsendt blankett for personopplysninger, som fylles ut og returneres.
Du kan lese mer om sikkerhetsklarering her.

Vil du lese mer om hva andre studenter har jobbet med ved FFI?