Funksjonelle studiar

Korleis kan ein sameine langtidsanalysar og teknologiprosjekt?

FFI er opptekne av å styrke koplinga mellom dei overordna analysane som instituttet gjer i samband med Forsvarsdepartementets langtidsplanlegging, og dei meir teknologiretta prosjekta.
Ambisjonen er å utnytte forskingsbasert kunnskap betre. Det skal gjerast både for å planlegge meir heilskapleg, og for å bidra til at vedtekne langtidsplaner blir gjennomførte.

I prosjektet skal vi støtte langtidsplanlegginga i departementet. Vi gjer det gjennom å analysere spørsmål knytt til utvalde funksjonar og kapabilitetar i Forsvaret, både med omsyn til yting og kostnad. Prosjektet vårt skal vidare medverke til å utnytte forskingsbasert kunnskap som kan vere grunnlag for planlegginga.

I prosjektperioden skal vi analysere spørsmål knytt til ulike delar av Forsvaret i eit fellesoperativt perspektiv. Det er planlagt ein stor grad av samarbeid. Dermed kan ein ta vare på behovet for operativ kompetanse, og samstundes halde god kontakt med kompetansemiljøa i Forsvaret. Funksjonelle studiar III bygger på kunnskap, metodar og røynsler frå dei to føregåande prosjekta.

 

Vitenskapelige rapporter og artikler