Kva no, Syria?

Kva skjer i Syria no? Kva med Russlands rolle? To FFI-forskarar ser nærare på situasjonen kort tid etter at opprørsgrupper styrta Assad-familiens over 50 år gamle regime. 

Kva skjer i Syria no? Kva med Russlands rolle? To FFI-forskarar ser nærare på situasjonen kort tid etter at opprørsgrupper styrta Assad-familiens over 50 år gamle regime. – Også vi blei overraska, sjølv om det har ulma i Syria lenge, seier FFI-forskarane Truls Tønnessen og Kristian Åtland i denne episoden. Tønnesen og Åtland har kvar på sin kant djup kunnskap om tilhøva i og rundt Syria. Tønnessen arbeider ved FFIs avdeling Totalforsvar, medan Åtland er ved avdeling Strategiske analysar og fellessystem.

I løpet av nokre dagar i desember er det oppstått ein heilt ny og for dei fleste uventa situasjon i Midtausten. Opprørsstyrkar sørgde på overraskande kort tid for at jernhanda til Assad-familien i Syria mista all kraft. Diktatoren Bashar al-Assad valde å flykte til Moskva då hans allierte der openbert ikkje ville komme han til unnsetning i hans eige land.

I denne podkasten ser vi på eit spel der det no er delt ut ei rekke nye kort.

Ulma lenge

– Også vi blei overraska, sjølv om det har ulma i Syria lenge, seier FFI-forskarane Truls Tønnessen og Kristian Åtland.

Dei har kvar på sin kant djup kunnskap om tilhøva i og rundt Syria. Tønnessen arbeider ved FFIs avdeling Totalforsvar, medan Åtland er ved avdeling Strategiske analysar og fellessystem.

Begge er no forsiktige optimistar når dei blir spurte om Syrias sjansar for å utvikle seg til ein meir demokratisk stat. Bashar al-Assad og støttespelarane Russland og Iran er skovne til side. Samstundes kan ein ikkje sjå bort frå at den syriske borgarkrigen på eit tidspunkt blussar opp att, noko som kan gi store konsekvensar også utanfor landegrensene. 

Bad guys

I podkasten startar vi med spørsmålet: Er det ikkje dei vi i Vesten har kjent som «bad guys» som no har overteke? Likevel har dei nye makthavarane signalisert større toleranse for dei ulike grupperingane som høyrer til i landet.

IS er ein faktor som framleis kan kome til å få noko å seie. Tusenvis av IS-soldatar sit i dag fengsla. Kva kan i neste omgang skje rundt dei mest radikale islamistane?     

Maktvakuum

Tønnessen og Åtland er samde om at det i dag er eit maktvakuum i Syria. Dei er spente på korleis dei ulike partane kjem til å innrette seg.

– Den no leiande grupperinga HTS, som hadde kontroll i Idlib-provinsen, er blitt skulda for å styre autoritært, og at dei ikkje har teke omsyn til det som har vore av opposisjon på ein god måte, seier Tønnessen.

Men ikkje berre tilhøva innanriks vil vere med på å avgjere kva som skjer framover, påpeikar forskarane. Viktige moment vil vere Trumps påståtte ikkje-innblanding i syriske spørsmål, Israels ønske om å fjerne flest mogleg syriske våpen som kan true deira eige land og Russlands vidare innverknad i regionen.

Portrett av Truls Tønnesen og Kristian Åtland.
VARSAM OPTIMISME: I beste fall kan utviklinga i Syria no gå mot eit meir demokratisk styresett, seier FFI-forskarane Truls Tønnessen (til venstre) og Kristian Åtland.

Tilbakeslag for Russland

– Bashar al-Assads fall er eit stort strategisk nederlag for Russland, seier Kristian Åtland.

Han peikar på at det noverande regimet og det tidlegare Sovjetunionen i meir enn eit halvt hundreår har brukt store økonomiske og militære ressursar på å halde Assad-regimet ved makta.

– Men etter meir enn tusen dagar med fullskala krig i Ukraina vart det openbert at Russland ikkje lenger hadde kapasitet til å nedkjempe motstandarane av regimet. No knyter det seg stor uvisse til kva som vil skje med den russiske marinebasen i Tartus og flybasen utanfor Latakia. Det står att å sjå om russarane får behalde dei viktige syriske basane sine, som også har å gjere med den innverknaden Putin ønsker å ha i Afrika. Det er mogleg at dei no ser seg om etter erstatningar, anten i middelhavslandet Libya eller på Sudans kystlinje i Raudehavet, seier Åtland.