Evna til å sende sikker, lynrask informasjon mellom allierte land, til dømes frå eit hovudkvarter i Europa til ein kommandoplass i ein norsk skog, kan utgjere skilnaden på liv og død. Sambanda på kryss og tvers kan samanliknast med eit nervesystem.
System som snakkar saman
Korleis kan vi så sikre at desse militære datasystema snakkar saman når det er krise? Dette var sjølve kjernespørsmålet på årets ICMCIS-konferanse (International Conference on Military Communications and Information Systems). Den gjekk av stabelen i den historiske byen Bath i Storbritannia. Konferansen er Europas største vitskaplege møteplass for militære kommunikasjons- og informasjonssystem. Den samlar dei fremste ekspertane på forsvarsteknologi frå heile NATO-alliansen.
FFI-forskar i førarsetet
I år var det FFI som sat i førarsetet. I denne vekas Ugradert-episode møter du sjefsforskar Frank Trethan Johnsen. Han leidde konferansen i Bath som co-chair, saman med Simon Baker frå den britiske samarbeidspartnaren Defence Science and Technology Laboratory, DSTL.
Årets overordna tema var «Resilient, Agile systems for Multi-Domain Operations». Deltakarane tok for seg på kva måtar kunstig intelligens (KI) og autonome system påverkar måten vi utvekslar data på. Eit viktig spørsmål: Korleis byggjer ein taktiske nettverk som toler moderne cybertruslar? Og korleis sikrar vi at eit lite land som Noreg kan integrerast saumlaust med våre store NATO-allierte?
5G, kvantekryptering og KI
Diskusjonane i Bath strekte seg over alt frå neste generasjons 5G-teknologi i forsvarssamanheng, til kvantekryptering og korleis ein bruker KI til avgjerdsstøtte i sanntid.
Militær IT-arkitektur og internasjonale standardar høyrest kanskje tørt ut på papiret, men det er i realiteten sjølve nervesystemet i det moderne forsvaret vårt. Om ikkje systema snakkar saman, stoppar i praksis Forsvaret opp. Og kvifor er det viktig at nettopp Noreg og FFI tek ei internasjonal leiarrolle i dette forumet?
Bli med bak kulissane og få eit unikt innblikk i diskusjonane som skal trygge framtida vår.