Iskald politikk: Kina har ambisjonar i Arktis
Kina kallar seg ein «nær-arktisk stat», trass i at landets nordlegaste grense er på høgde med Berlin (medan Beijing er på breiddegraden til Madrid). Interessene og ambisjonane til kjempa i aust er likevel stadig veksande når det gjeld Arktis.
Kvifor er Kina blitt så interessert i nordområda?
Ein annan og endå mektigare aktør er allereie i aksjon i nord: naturen sjølv. Kva følger kan klimaendringar få for den kinesiske aktiviteten i regionen? Og korleis bør Noreg posisjonere seg?
Dette er tema for ein ny rapport frå FFI. I podkaststudioet vårt har vi møtt to av forfattarane bak rapporten «Kinas ambisjoner i Arktis som "nær-arktisk" stat», Marius Nyquist Pedersen og Bjørn Olav Knutsen.
– Det går allereie for seg eit maktspel på toppen av verda, fastslår dei.
Stormaktsambisjonar
Kina er interessert i Arktis av ei rekke årsaker. Stormaktsambisjonar styrer mykje av Kinas politikk. Dette fører til eit stadig sterkare kinesisk ønske om å påverke arktiske normer og reglar, pluss ei veksande militær interesse.
– Kina har den største fjernfiskeflåten i verda. Flåten er ikkje til stades i Arktis enno, men i framtida kan Kinas interesse i fiskeressursane her auke mykje. Dette kan også skape kinesisk misnøye med Svalbardtraktaten og den norske fiskevernsonen rundt, seier Pedersen.
Grøn gigant
– Kina posisjonerer seg som ein global gigant innan grøne teknologiar og fornybar energi. Dei ser i denne samanhengen på Arktis som ein region med attraktive mineral og gode tilhøve for testing av teknologi, supplerer Knutsen.
Trass si djupe innsikt i dei moglege konfliktane har dei to forskarane enno ikkje sett sin fot på det mest sentrale området under norsk suverenitet i Arktis, som er nettopp Svalbard.
Dit lovar dei at dei skal dra. Snart ventar ein tur til Grønland for dei to. Og aller først vil dei at du skal lytte til denne podkasten.