Minimal risiko for oppdrettsfisk ved sprengingsfelt i sjø på Korsnes

Eit permanent sprengingsfelt i sjø ved Korsnes fort påfører ikkje fisk i oppdrettsmerdane stress eller skade, viser ein ny rapport frå FFI – som stadfestar tidlegare funn.

To merder i Korsfjorden sør for Bergen.
MERDAR: I Korsfjorden ønskjer Forsvaret å etablere eit skytefelt i sjøen. Forskarar frå FFI har sett på konsekvensane for oppdrettsfisken i fjorden. (Foto: FFI)

Det er Forsvaret som ønskjer seg eit permanent skytefelt i Korsfjorden, noko som vil innebere detonasjonar av øvingsladningar, i periodar, fleire gonger om dagen. I nærleiken finst det òg fire anlegg for fiskeoppdrett.

Ikkje stress eller skade på fisken

I mars 2021 vart det gjennomført ein studie for å undersøkje reaksjonen og helsa til oppdrettsfisken når realistiske ladningar blei detonerte i øvingsområdet.

En forsker gjør lydmålinger i vann.
HYDROFONMÅLING: FFI-forsker Jon Kjøll gjør hydrofonmålinger fra foringsflåten på Skorpo i Korsfjorden. (Foto: FFI)

Studien konkluderte den gongen med at den planlagde øvingsaktiviteten ikkje ville påføre fisken i oppdrettsmerdane stress eller skade på populasjonsnivå som ville endre vekst, dødelegheit og fiskehelse. Det blei likevel gjort funn av sirkulasjonsforstyrringar og blødingar hos fisken. Funna den gongen blei ikkje forklarte som skader frå sprengingane, sidan eksponeringsnivåa var langt lågare enn rapporterte tersklar for skade på fisk i litteraturen.

Stadfestar tidlegare funn

I november 2024 vart ein ny test utført for å undersøkje om funna frå 2021 var reelle skadar frå sprengingane eller hadde andre årsaker. Fem detonasjonar, kvar på to kilo TNT, blei utløyst med ein times intervall.

I dei nærmaste merdane blei åtferda til fisken observert med kamera, og fôrforbruk og dødelegheit per merd blei registrert dagleg i veka før og etter undervasseksplosjonane. Fisk blei òg teken ut av merdane i dagane før og etter eksplosjonane for patologiske undersøkingar med vekt på barotraumer, det vil seie når atmosfæretrykket i holrommet til kroppen blir ulik frå atmosfæretrykket i omgivnadene. 

 

Sprenging ved ei brygge.
SPRENGING: Med ein times mellomrom blei to kilo TNT detonert for å undersøkje om fisken i merdane blei påverka. (Foto: FFI)

Det blei heller ikkje no observert stressreaksjonar eller vedvarande åtferdsendringar hos fisken under eksponeringa til lydpulsane frå detonasjonane i nokon av merdane. Fôrforbruk og dødelegheit endra seg heller ikkje signifikant.

Dei patologiske undersøkingane viste ingen funn verken i kontrollgruppene eller i eksponerte grupper, og funna frå 2021 må reknast som artefakt som sannsynlegvis oppstod under prøvetakinga.

Tilrår boblegardiner

Forskere undersøkjer om fisk frå merdane har fått skader.
UNDERSØKINGAR: Lisa Øvredal (til venstre) og Miriam Furne frå Veterinærinstituttet utfører patologiske undersøkingar av fisk frå merdane. (Foto: FFI)

Forskarane bak rapporten konkluderer med at normal øvingsaktivitet på Korsnes kan gjennomførast som planlagt.

Under nokre forhold tilrår likevel forskarane bak rapporten bruk av ei såkalla boblegardin, som lagar ein vegg av luftbobler under vatn og bidreg til å dempe støy og trykkbølgjer frå sprenginga.

Det er spesielt om hausten (august-oktober) at oseanografiske forhold gjer at sjokkbølgjene ikkje blir dempa i like stor grad som resten av året. Forskarane peikar òg på at større enkeltladningar, på inntil 200 kg TNT, kan detonerast utan vesentlege negative miljøeffektar.

Men også her blir bruk tilrådd av ei boblegardin dersom det er fisk i merdane i Korsfjorden.

Fakta

Korsnes fort ligg ytst på Korsneset sør for Bergen. Korsnes, hadde saman med forta Lerøy og Buarøy/Visterøy oppgåva å verne Bergen frå sør under okkupasjonen. Korsnes var eit av forta som blei brukte av det norske kystartilleriet i åra etter krigen.

Relevante prosjekt og tema

Prosjekt

Militær oseanografi

Fagområdet militær oseanografi søker å forstå og beskrive de fysiske prosessene som påvirker lydforplantning i havet. Sjøbunnen, havoverflaten og vannvolumet utgjør til sammen den akustiske kanalen som lyden forplanter seg i. Militær oseanografi dekker studier av hele denne kanalen samt metoder som drar militær nytte av kunnskap om undervannsmiljøet. Tidlig forskningsområde Undervannsakustikk er et av de eldste fagområdene ved FFI, og oseanografisk arbeid har alltid vært en sentral oppgave. De første forskningsoppgavene etter at instituttet ble etablert i 1946 handlet om hvordan norske havner kunne beskyttes bedre mot blant annet ubåtangrep. Det krevde kunnskap om både bunnforhold og utvikling av ulike undervannsinstrumenter. FFI arbeider fortsatt med å utvikle teknologi og metoder som gjør det mulig å kartlegge og utnytte kunnskap om lydbildet under vann bedre. Et tyngdepunkt for arbeidet er FFIs enhet ved Karljohansvern i Horten. Undervannsakustikk Sjø og hav er fullt av lyd fra bølger og vind. Mange lyder skapes også av menneskelig aktivitet. I dag kan lyd i havet registreres og analyseres med mange typer teknologi. FFI har blant annet utviklet NILUS (Networked Intelligent Underwater Sensors). NILUS-systemet består av sensorplattformer, også kalt noder. Disse nodene er på størrelse med en stol og kan lett utplasseres på havbunnen. Nodene er utstyrt med hydrofoner og andre sensorer, og kan kobles i nettverk og kommunisere med hverandre. De kan registrere lyd og mange andre fysiske variasjoner i vannet. Teknologien rundt dette utvikles stadig. Lybin er en programvare som FFI har ansvar for. Forkortelsen står for «lydbane intensitetsberegning». Lybin kan beregne sannsynligheten for å oppdage objekter under vann ved hjelp av sonar. Systemet brukes av det norske sjøforsvaret og av en rekke andre nasjoner. Lybin har eksistert i mer enn 30 år, og ble utviklet av Forsvarsmateriell. FFI har vært ansvarlig for videreutviklingen siden år 2000. Lofoten-Vesterålen havobservatorium FFI er partner i LoVe (Lofoten-Vesterålen havobservatorium). Utenfor Lofoten og Vesterålen samler en rekke instrumenter kontinuerlig inn data om hele havmiljøet, inkludert akustisk bakgrunnsstøy. FFI bruker materialet til å se på statistisk variasjon i denne støyen. Dataene fra hydrofonene på havbunnen sjekkes av FFI før de distribueres videre, for å beskytte informasjon om Forsvarets egne fartøy. Sonaren er sentral Både lydhastigheten i vannvolumet og topografien på havbunnen påvirker bruken av sonar. Sonaren er det viktigste instrumentet fartøy har for å orientere seg i dypet. God kjennskap til topografien og egenskapene til havbunnen kan gi store fordeler, for eksempel ved ubåtoperasjoner og mineleting. Innsamling av geofysiske data under vann er en prosess som krever avansert utstyr. Multistråleekkoloddet er en spesiell type sonar. «H.U. Sverdrup II» kan ved hjelp av et slikt ekkolodd kartlegge havbunnen ned til mer enn 3000 meters dyp. Når det «pinger» fanger instrumentet opp svært detaljerte data fra havbunnen. Forskerne om bord kan med ulike instrumenter registrere egenskaper ved hele vannsøylen, også under fart. Kartlegger også for sivil bruk Havbunnskartlegging er også interessant for blant annet oljeindustrien og forskere som studerer klima og miljø. FFI bidrar derfor til kartlegging både for militære forskningsformål og for sivile prosjekter. Et eksempel er Mareano-programmet. FFI har også hjulpet Olje- og energidepartementet med kartlegging. Instituttet har også deltatt i kartlegging for strømkabling til Danmark, på dumpefelt for ammunisjon i Skagerak og den tyske «kvikksølvubåten» utenfor Fedje.
Prosjekt

Hva hører vågehvalen?

Prosjektet vil bli det første som måler hvilke lyder bardehvaler hører. Denne kunnskapen er nødvendig for å beskytte slike dyr fra menneskeskapt lyd i havet.
Tanks i senvinterlandskap
Tema

Miljø og klima

Kva gjer Forsvaret for å ta vare på miljøet?