FFI deltek i nytt EU-prosjekt om dumpa ammunisjon
«Ute av syne, ute av sinn» kan ha vore grunntanken då det skjedde. I dag krevst det derimot oversikt over statusen for all ammunisjon som blei dumpa utanfor Europas kystar etter krigen. FFI deltek no i eit stort EU-prosjekt som skal ta tak i problemet.
6 millionar euro er sett av til arbeidet, som skal vare fram til mars 2028. Gjennom EU-prosjektet Mmine-sweeper (Marine Munition in Europe - Solutions with Economic and Ecological Profits for Efficient Remediation) er heile tjue institusjonar frå ti land med.
Tre FFI-avdelingar
FFI stiller med folk frå tre avdelingar, som på ulike felt deltek med kompetanse og erfaring. Avdelingane Totalforsvar, Forsvarssystemer og Sensor- og overvakingssystem er med i prosjektet.
– Målet er å samanfatte kunnskapen vi har i dag for å finne og identifisere dumpa ammunisjon på havbotnen og nede i sedimenta. I prosjektet skal ein også vurdere ulike overvakings- og tiltaksmetodar for å redusere risikoen som denne ammunisjonen i dag utgjer, fortel sjefsforskar Arnt Johnsen ved avdeling Totalforsvar.
Meir enn 30 norske dumpefelt
I Noreg har vi over 30 dumpefelt langs kysten der ammunisjon blei dumpa, rett etter at freden var eit faktum i 1945.
– Det mest avanserte utstyret ein har skal brukast for å finne og identifisere ammunisjon i to av dei norske områda, seier Johnsen.
– Dette vil gi oss verdifull informasjon om kva det er mogleg å finne. Samstundes gir det oss informasjon om utbreiing og mengd av dumpa ammunisjon. Det er også tenkt at det skal gjerast målingar av stoff frå ammunisjonen, for å sjå om desse er byrja å lekke ut i miljøet.
Ammunisjonen lek
FFI har i fleire omgangar fanga fisk og skaldyr i somme av dei norske dumpefelta. Spor av eksplosiv er funne i alle dei felta ein har undersøkt.
– Dette viser at ammunisjonen no har korrodert nok til at stoffa no kjem ut i miljøet. I tillegg ligg det eit stort dumpefelt i Skagerrak der det er søkkt mange fartøy fylte med kjemisk ammunisjon. Også her er det påvist at fisk har spor av stoff frå denne ammunisjonen, fastslår Johnsen.
Han legg til at det langs norskekysten framleis ligg tallause miner og hundrevis av krigsvrak som vil innehalde ammunisjon. Det blei også dumpa ammunisjon i vatn, elvar og tjern.
Oppstart i Kiel
Deltakerne på oppstartsmøtet for Mmine-sweeper var samla i Kiel i Tyskland i midten av november. Det er Tyskland, ved Geomar, som leier prosjektet.
No startar arbeidet. EU-finansieringa ligg under Horizon-programmet. Prosjektet fekk 15 poeng av 15 moglege ved vurderinga i EU.
– Ein ser fram til banebrytande resultat, konstaterer Arnt Johnsen.