FFI-konferanse

Forsvarsforskningsdagen 2025

Krigen i Ukraina er berre ei av endringane i den tryggingspolitiske situasjonen som Noreg no møter. Søkelyset er retta mot korleis Noregs forsvarsevne kan og må styrkast i tida som kjem. Landets forskingsmiljø kan spele ei nøkkelrolle i dette arbeidet.

Arrangementet fann stad 7. mai 2025 i Deichmansalen, Bjørvika i Oslo

Forsvarsforskingsdagen på Deichmanske bibliotek i Oslo 7. juni hadde nettopp dette som tema: Fleire må bidra med forsvarsforsking. Så kva skal til for at sivile forskarar og institusjonar kan delta? 

FFI samla aktørar frå ulike sektorar, både dei som jobbar med forsvarsrelatert forsking og dei som arbeider med rikets tryggleik. Målet var å dele erfaringar og innsikt i korleis forsking, utvikling og innovasjon i større grad kan bidra til å møte tryggingsutfordringane, både dei noverande og dei framtidige.

 

Langtidsplan krev forsking

Administrerande direktør Kenneth Ruud ved FFI innleidde dagen med å snakke om det breie behovet for forsking, utvikling og innovasjon for eit effektivt forsvar. Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Marte Gerhardsen, utdjupa korleis den ambisiøse langtidsplanen til forsvarssektoren fram mot 2036 skal gjennomførast, og kva dette tyder for forskingsinnsatsen.

Det stadig meir krevjande trusselbiletet, med aukande etterretningsaktivitet, blei belyst av Nils Andreas Stensønes. Han er sjef for Etterretningstenesta.

Nils Andreas Stensønes
KREVJANDE: sjef for Etterretningstenesta, Nils Andreas Stensønes, gjorde greie for eit meir krevjande trusselbiletet, med aukande etterretningsaktivitet. (Foto: Lars Aarønæs / FFI)

Relevant og i samarbeid

Generalmajor og sjef for plan og utvikling i Forsvarsstaben, Lars Huse, konkretisere kva type forsking som er mest relevant for både Forsvaret og totalforsvaret.

Lars Huse. Mann i uniform.
RELEVANT FORSKNING: Lars Huse konkretisere kva type forsking som er mest relevant for både Forsvaret og totalforsvaret. Huse er generalmajor og sjef for plan og utvikling i Forsvarsstaben. (Foto: Lars Aarønæs / FFI)

Eit sentralt tema for dagen var korleis samarbeidet mellom sivil og militær sektor kan styrkast, noko som blei gjennomgått av statsråd Sigrun Aasland i Kunnskapsdepartementet.

Praktiske røynsler og føresetnader for å drive forsking for Forsvaret blei diskutert av Terje Jensen frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM), Roar Olsen frå Statens graderte plattformtenester (SGP) og Nina Schjoldager frå Aalborg universitet i Danmark.

Det blei vist konkrete døme og erfaringar frå sivilt-militært samarbeid frå FFIs side. Sjefsforskar Roy Edgar Hansen og forskingsleiar Kim Mathiassen la vekt på kompetansebygging.

Marte Gerhardsen
AMBISIØSE PLANAR: Langtidsplanen til forsvarssektoren fram mot 2036 er ambisiøs. Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Marte Gerhardsen, greia ut om kva det tyder for forskningsinnsatsen. (Foto: Hallvard Lunde / FFI)

Publikum fekk svar

Dagen blei avslutta med ein panelsamtale der administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit, generalmajor Lars Huse, Nina Schjoldager og Kenneth Ruud diskuterte dei viktigaste problemstillingane som kom fram i løpet av dagen, samstundes som dei svarte på spørsmål frå publikum. Styreleiar Aslak Tveito stod for oppsummeringa.

Vil ha med fleire

FFIs arrangement signaliserer ein klar ambisjon om å bidra til å inkludere fleire forskingsaktørar i arbeidet med å styrke Noregs forsvarsevne. Rett kompetanse, ei forståing for trusselbiletet og ein god tryggingskultur er noko av det som skal til for å bygge bru mellom sivil og militær forsking, og slik møte dei store tryggingsutfordringane Noreg står overfor.

Du kan sjå opptak frå heile møtet i videoen ovanfor.

 

Programmet på Forsvarsforskningsdagen 2025

10:00 Velkommen og introduksjon
Norge trenger anvendt forskning, utvikling og innovasjon for å sikre et effektivt forsvar. Hva innebærer det?
Kenneth Ruud, administrerende direktør FFI

10:15 Hvorfor trenger Forsvaret forskning?
Det satses stort på å styrke den norske forsvarsevnen frem mot 2036. Hvordan skal forsvarssektorens langtidsplan gjennomføres, og hva betyr det for forskning?
♦ Marte Gerhardsen, statssekretær Forsvarsdepartementet

10:35 Et mer krevende trusselbilde
Verden har blitt farligere og etterretningsaktivteten øker. Hva betyr det for forskning?
♦ Nils Andreas Stensønes, sjef for Etterretningstjenesten

10:55 Pause

11:10 Hvilken forskning er mest relevant for Forsvaret og totalforsvaret?
Lars Huse, Generalmajor og sjef for plan og utvikling i Forsvarsstaben

11:30 Hvordan kan sivil og militær sektor samarbeide?
Sigrun Aasland, statsråd Kunnskapsdepartementet

11:50 Hva skal til for å forske for Forsvaret i praksis?
Terje Jensen, Nasjonal sikkerhetsmyndighet
Roar Olsen, Statens graderte plattformtjenester
♦ Nina Schjoldager, Aalborg universitet

12:30 Lunsj og mingling

13:15 Case og erfaringer fra sivilt-militært samarbeid
Roy Edgar Hansen, sjefsforsker FFI, om samarbeid
Kim Mathiassen, forskningsleder FFI, om kompetansebygging

13:45 Panelsamtale og spørsmål fra publikum
I panelet:
Mari Sundli Tveit, administrerende direktør Forskningsrådet
Lars Huse, Generalmajor Forsvarsstaben
Nina Schjoldager, Aalborg universitet
Kenneth Ruud, administrerende direktør FFI, mfl.

14:30 Oppsummering og takk for i dag
Aslak Tveito, styreleder FFI