God IKT er gull for Forsvaret

Ein moderne krig kan ikkje utkjempast – og neppe vinnast – utan store digitale ressursar. Desse må i tillegg vere godt organiserte. Det held ikkje berre med sjølve teknologien, sa forskarane som innleidde under FFIs frukostmøte om Forsvarets digitale grunnmur.

Arrangementet fant sted 12. mars kl. 9-10.30

FFI-frukostane er populære. 12. mars sette arrangementet ein førebels tilskodarrekord. Deichmansalen i Oslo var fylt til siste plass. Det vil seie at det var rundt 140 tilhøyrarar. På nettet følgde mellom 300 og 400 menneske overføringa. 

Høvet var noko så tilsynelatande prosaisk som IKT: informasjons- og kommunikasjonsteknologi. Presentasjonen handla om rapporten «Forsvarets moderne og motstandsdyktige digitale grunnmur – kritiske suksessfaktorer». 

Sjå opptak frå arrangementet under.

Ein kritisk komponent 

God IKT-styring er langt frå lett. Men det er heilt naudsynt at den er så god som råd. Det fastslo forskingsdirektør Espen Skjelland i FFIs avdeling Strategiske analysar og fellessystem. Han innleidde med å peike på at ein slik grunnmur er ein særs kritisk komponent for eit effektivt forsvar. 

Skjelland la vekt på at Forsvarets digitale grunnmur, forstått som ei samling av IKT-fellesressursar, utgjer fundamentet for all IKT i Forsvaret. Dermed er dette kritisk for både planlegging og gjennomføring av militære operasjonar. 

Første heile analyse 

FFI-rapporten er den første heilskaplege analysen av Forsvarets digitale grunnmur. Den syner kor viktig denne infrastrukturen er, og peikar på nøkkelfaktorar for å sikre at den fungerer. Tankegangen er velkjent. Både Nato og det britiske forsvarsdepartementet nyttar «digital backbone» (ryggrad) om lag slik som Forsvaret definerer sin metafor. 

Rapporten legg vekt på at det utan ein fungerande IKT-infrastruktur vil det vere vanskeleg, om ikkje uråd, å gjennomføre militære aktivitetar. Det gjeld same kvar på krisespekteret ein er.

Det handlar kort sagt om fundamentet som gjer det mogleg å kommunisere, dele data og bruke avanserte teknologiar som kunstig intelligens og skytenester.  

Skjelland var oppteken av at ingen har fasitsvar på alle spørsmåla som dukkar opp i samband med den digitale grunnmuren. 

– Difor ønsker vi alle gode innspel velkomne, sa han. 

Fire tilrådingar å starte med

Sjefsforskarane Ketil Lund, Ann-Kristin Elstad og Monica Endregard gjekk gjennom ulike sider av det store og mangslungne feltet som utgjer byggesteinane i grunnmuren.  

Frokost_digital grunnmur7.jpg
Sjefsforskar Ketil Lund. (Foto: Anders Halvorsen Fehn / FFI)

Rapporten legg stor vekt på at dette handlar om mykje meir enn sjølve teknologien. Oppsummert handlar det om seks kritiske suksessfaktorar. Innanfor desse er det fire tilrådingar som Forsvaret burde starte med, meiner forskarane. 

Den første tilrådinga er å sikre eintydig definisjon av rollar, ansvar og avgjerder. Dette legg grunnlaget for å gjennomføre prosessar og prosedyrar og gir rammer som menneske og kultur må tilpasse seg.

Den andre er å etablere og halde ved like eit forsvarleg tryggingsnivå. Det inneber å skaffe seg godt oversyn, prioritere innsatsområde og allokere ressursar til risiko- og tryggingsstyring. 

Det tredje punktet handlar om å utarbeide omforeinte målbilete innanfor dei ulike teknologiske bestanddelane av den digitale grunnmuren, og for heilskapen. 

For det fjerde peikar rapporten på at ein må gjennomføre ein systematisk kompetanseanalyse. Målet er å avdekke kva for eit kompetansebehov Forsvaret har for å kunne gjennomføre prosessane sine knytt til IKT. Vidare kva kompetansebehov Forsvaret kan dekke ved hjelp av eigne ressursar, og eventuelt kva kompetansebehov som kan dekkast av partnarane i eksterne samarbeid. 

 

Militære og sivile stiller likt 

Møteleiar Grethe Skaugvoll introduserte to paneldeltakarar som frå kvar sin posisjon hadde sett på rapporten. Oberst Atle Gulbrandsen er leiar for IKT-arbeidet i Forsvarsstaben, medan informatikkprofessor Olav Lysne er leiar i SimulaMet. Det er ein del av Oslo Met som særleg arbeider med kommunikasjonssystem og maskinintelligens.  

Frokost_digital grunnmur10.jpg
Sjefsforskar Monica Endregard. (Foto: Anders Halvorsen Fehn / FFI)

Gulbrandsen sette stor pris på at FFI har sett den digitale grunnmuren under lupa. Han understreka at Forsvaret er medvite om IKT-utfordringane, og bur seg på dei gjennom mellom anna prosjektet «Forsvarssektoren 2024», ofte omtalt som «F24». 

Lysne peikte på at Forsvaret har sine spesifikke utfordringar. Likevel meinte han at store delar av rapporten tek opp utfordringar som alle store verksemder strir med. Skilnaden på militære og sivile organisasjonar er ofte liten når det gjeld IKT. 

– Også i det sivile møter ein mange av problema som er nemnde i dette dokumentet, sa han. 

Nasjonal kontroll 

Publikum fekk høve til å stille spørsmål til slutt. Eit av dei handla om nasjonal kontroll av IKT-systema: Kva gjer ein med det faktum at mange slike system er kontrollerte frå andre land? 

Olav Lysne svarte at sjølv det heilnorske Vipps, utvikla av den norske marknaden for nordmenn, er avhengig av ei mengd utanlandske IP-adresser. 

– Så spørsmålet er godt, sa han. 

– Samstundes er problemet med kontroll med dataressursar i krig ikkje lenger teoretisk, og svara er ikkje eintydige. Krigen i Ukraina er døme på det. Her såg vi mellom anna korleis ukrainarane heldt på kontrollen ved å flytte dataressursar ut av landet, noko dei openbert må ha hatt planar om før invasjonen.  

Då frukostmøtet var over, forsvann dei trykte eksemplara av den nye FFI-rapporten fort. Både rapporten og eit utvida samandrag kan lastast ned elektronisk. Videoopptaket frå Deichmansalen er også tilgjengeleg. 

paneldeltakere står på scenen foran en power point i forgrunnen skimter vi hodene til de i salen
FFIs sjefsforskar Ann-Kristin Elstad, oberst Atle Gulbrandsen i Forsvarsstaben og informatikkprofessor Olav Lysne var i panelet som diskuterte den digitale grunnmuren. Ordstyrar var Grethe Skaugvoll ved FFI. (Foto Anders Halvorsen Fehn, FFI).

Tekst skrevet av: Lars Aarønæs.

Program

8.30
Frokost og registrering
  • Espen Skjelland, forskningsdirektør avdeling Strategiske analyser og fellessystemer, FFI

Rapporten Forsvarets moderne og motstandsdyktige digitale grunnmur – kritiske suksessfaktorer er et årlig IKT-råd på oppdrag fra Forsvarsstaben. Funn og anbefalinger presenteres presenteres av:

  • Ketil Lund, sjefsforsker, FFI
  • Ann-Kristin Elstad, sjefsforsker, FFI
  • Monica Endregard, sjefsforsker, FFI

 

  • Atle Guldbrandsen, leder for teknologi- og IKT-avdelingen, Forsvarsstaben.
  • Olav Lysne, professor og direktør ved Simula MET. Lysne leder også ekspertutvalg på nasjonal kontroll med digital infrastruktur. 
10.10
Panelsamtale og spørsmålsrunde
10.30
Slutt